Eigenreklame

juni 10, 2008

Bør eg gå inn på bloggane til alle eg kjenner og seia frå om at eg har fått ny blogg? Eller skal eg satsa på at dei ser posten på den gamle, der eg har forklart skiftet og lagt ut adressa hit? Neimen om eg veit…

Det er litt skummelt å starta på nytt slik, so det er kanskje ein god ting dersom ikkje mange les dette. Eg kan bruka litt tid på å finna ut kva eg vil skriva om, og venna meg til korleis WordPress funkar.

I mellomtida, for å feira denne nye sida, har eg laga ei liste over kva emne eg ville ha skrive særoppgåve om dersom eg hadde gått i 3. klasse på vidaregåande i dag (jamvel om eg trur dei ikkje gjer slikt lenger):

1. Henrik Ibsen

Det gjorde eg faktisk – nærare sagt, eg skreiv om tre Ibsenstykke: Gengangere, Hedda Gabler og Naar vi døde vaagner – men det var so spennande at eg ville gjort det ein gong til. Eg elskar Ibsen.

2. Språkhistorie

Eller målsoga, men då høyrest det med ein gong meir målpolitisk ut, og eg ville kanskje ha skrive frå ein meir språkvitskapleg synsvinkel (jamvel om ei oppgåve skriven av ein 18-åring på vidaregåande sjeldan vert veldig språkvitskapleg interessant). Kanskje noko om påverknad frå lågtysk i mellomalderen?

3. Amalie Skram

Ho er ein særoppgåve-klassikar i områda i og kring Bergen, men det endrar ikkje det faktumet at bøkene hennar er utruleg fengslande, særleg om ein likar å lesa om fyll, skit og elende, og det gjer eg jo.

4. Namn

Eg veit ikkje kor vanleg det er/var å skriva særoppgåve om namn, men eg tykkjer det er kjempespennande; særleg er det fascinerande å tenkja på kor mykje eit etternamn kan fortelja om geografi, klassetilhøyrsle etc.

5. Sosialrealisme frå 1970-talet, særskilt i barnebøker

Jamvel om eg ofte har sett denne typen litteratur utskjelt og latterleggjort, er det ikkje mykje eg veit om han. Det kunne vore interessant å bla seg gjennom nokre bøker av typen “Kari og Per skil lag” eller “Pappa får alkoholproblem”, dersom dei finst på ordentleg og ikkje berre som oppkonstruerte skrekkdøme dregne fram av folk som meiner at litteraturen skal vera upolitisk.

22 kommentarar til “Eigenreklame”

  1. Jodå. Folk finn lett utav dette her. Eg såg det med ein einaste gong :-)

    Men du lyt finna ein annan utsjånad til bloggen. Standardutsjånaden er heilt forferdeleg.

  2. attergangar sa

    Å? Korleis det?

  3. Simon sa

    Synnøve: Du skal få sleppa å seia frå til meg. Eg har lagt til den nye tilskrifta på peikarsida mi (skjønt ikkje lagt henne ut enno).

    Eg var lat då eg skreiv særoppgåve. Skreiv om Elling. Toppkarakter til gje-bort-pris.

    Odin: Etter det Ola har fortald (og som eg sjølv har testa), er WordPress.com ikkje den enklaste staden å få ny utsjånad til. Det er mykje som kostar pengar om du vil få vevloggen slik du sjølv ynskjer. Det gjeng heller ikkje an å leggja til den nynorske språkfila. WordPress(.org) fungerer nok best på eigen tenar.

  4. Bror sa

    Hei, hei, og kjekt at du har fått ny vlogg! Gler meg til å lesa meir av synsinga di her!

    Me hadde i alle høve særemne, men eg veit ikkje korleis det er med ofra for kunnskapsløftet. Me spleisa musikkorienterings- og norsksæremne, so valfridomen var litt begrensa – me måtte ha noko med tekst for å få med norskdelen. Eg fekk bibiotekarane på Stavanger Bibliotek til å leita fram nok materiale frå magasinet til at eg kunne samanlikna det særs ukjende “Mor syng og andre songar” av den særs ukjende nynorskforfattaren Idar Handagard, tonsett av David Monrad Johanssen (Op. 1, faktisk) og Garborg og Griegs “Haugtussa”. Idar Handagard viste seg å vera ein rimeleg interessant person, so eg angrar ikkje på at eg valde det, sjølv om eg ikkje tenkte nett det då eg sat natta før innleveringsfrista og skreiv inn etterord/oppsumering til ei flaske raudvin (for inspirasjonen. Eg kjende i alle høve at det hjelpte, og det er jo det som tel).

    Til lukke med ny vlogg i alle høve! Eg har Ensembleleiingeksamen i morgon, so eg lyt vel halda fram med å veiva med armane framføre spegelen. Sjåast i Nordahl Bruhns gate 6, eller kvar det no var!

  5. attergangar sa

    Simon: Tyder det at eg har tabba meg ut? Burde eg ha valt WordPress.org i staden? Urgh…

    Men sant å seia, so skjønar eg ikkje heilt kva som er so forferdeleg med utsjånaden her. Blått og kvitt er jo fine fargar, og eg kjenner at eg likar skrifttypen her betre enn den som var på den førre bloggen. (No høyrer det med til historia at rett etter at eg hadde skifta blogg, fann eg ut korleis eg får Firefox til å fjerna reklamen som dukkar opp på ulike nettsider, so der fall eitt av argumenta mine i grus… Men, men.)

    Bror: Takk skal du ha! Og lukke til med ensembleleiingseksamen. Eg tykte i grunnen det var eit kult fag, men eg veit ikkje om eg hadde hatt lyst til å koma opp i det.

    Musikkorientering og norsk i same særemne? Dølt, jamvel om det hadde positive fylgjer for din del, i og med at du lærte om Idar Handagard (eg har ikkje høyrt om han heller)… Eg skreiv særemne i Muo om Benjamin Brittens War Requiem, og eg fekk ikkje spesielt god karakter (4/5, trur eg), men eg lærte noko nytt, og det er jo det viktigaste.

  6. Tarjei sa

    Eg liker utsjånaden. For å vera heilt ærleg, så les eg helst bloggar med ein RSS-lesar (nett no Google Reader) så det spelar eigentleg lita rolle. Men det er klart at det er kulare med eige domene og WordPress, for då kan du dilla i vekesvis med temaet, testa ut ulike tillegg, oppdatera WordPress og slikt.

    Kul liste, forresten. Mine to favorittar:

    1. “Nynorsk normaltalemål”, som både skulle ta føre seg ei idehistorie over kva førestellingar som har eksistert om kva eit slikt normaltalemål skulle vera og ein analyse av ulike freistnader på å realisera det.

    2. “Etterkrigstida gjennom seks augo”. Ettertida vil visa at den generasjonen som var fødd kring 1950 var ekstremt svoltne på bøker som kunne seia noko om korleis Noreg endra seg frå, tja, 1948 til 1973. Så lat oss setja nokre bøker frå Fløgstad, Solstad og Christense opp mot einannan og sjå kva “forteljing om Noreg” dei lagar.

  7. attergangar sa

    Tarjei, det er kjekt du likar utsjånaden! Sant å seia, so bryr eg meg ikkje so veldig mykje om korleis bloggen ser ut, so lenge han er ryddig og grei og ikkje stygg.

    Eg likar ideane dine. Eg trur det kunne vore interessant å sjå ei samanlikning av miljøa og hovudpersonane i “Beatles” og “Dalen Portland”, til dømes. (Går ikkje handlingane føre seg om lag på same tid, eller hugsar eg heilt feil?)

  8. Tarjei sa

    Eg trur Dalen Portland går over ein lengre periode, men det er openbert ein innfallsvinkel. Eg trur eg ville teke med 25. septemberplassen av Dag Solstad òg.

  9. Simon sa

    Orsak for å ikkje halda meg til temaet, men kan du gjera noko med dei der “avatarane”? Eg tykkjer både “min” og Tarjei “sin” ser ut som hakekross i forklednad.

  10. attergangar sa

    Audå… Eg kan sjå om eg finn ut av det.

  11. Ola sa

    Eg (i lag med tri andre gutar) skreiv ei oppgåve om førenamn, men problemstillinga var sær og konklusjonen var tilnærma grunnlaus. Heldigvis var det læraren vår som sette oss på idéen, so han tok ein del av skulda for det rare emnet vårt og gav oss ein god karakter likevel.

    No er no bloggen din fin og stilig. Men som Simon nemner, angrar eg ein del på at eg laga min der eg gjorde. Trudde ALT med WordPress var gratis, flott, fritt og ope, men der tok eg feil. So skal ein få nytta det på ein god måte, må ein betala på eitkvart vis, anten for domene eller for høve til personleggjering her på wordpress.com.

    Bror: Var det ikkje Idar Handagard som skreiv den interessante og artige boka Vanlege sjukdomar som står på skrivarstova, tru? Den burde NMU ha høgtlesing frå på ei tilskiping eller møte. Og eg veit om ei anna kul bok òg av same mannen, men eg ikkje hugsar korkje namnet eller kva ho handlar om.

    Til lukka med ny blogg, forresten, Synnøve!

  12. Tarjei sa

    No tykkjer eg det får vera måte på sutring.

    Dei som står bak WordPress (altså, PHP-programmet) har gjeve verda eit super-enkelt og fleksibelt publiseringsystem. Alt er “fritt og ope”. Men det er visst ikkje nok, i tillegg forventar du (Ola!) at dei skal gje uavgrensa tilgang til webressursar (tenarplass og bandbreidde).

    Blogger gjev rett nok større høve til personleg tilpassing, men der har ein ikkje tilgang til koden og ikkje tilgang til eigne rådata (i databasen). Google bruker dessutan Blogger for å få stadig fleire til å få ein Google-ID, og sikkert til anna skummel datainnhausting òg.

    Eg tykkjer det er barnsleg å surmula når noko kostar pengar. Det krevst jo ressursar for å halda ei nettside oppe, og då må pengane anten koma frå brukarbetaling, reklameinntekter og/eller datainnsamling. Eller frå staten, sjølvsagt.

  13. Morten sa

    Eg veit ikkje kva eg ville skrive særemne om. Fyrste gongen vart det so inni gamperæva mislykka at eg måtte ta heile driten som tentamen i staden for å levera inn. Eg fekk rett nok 5+ på den tentamnen, men eg er veldig usikker på korleis.

    Eg har eit slags inntrykk av at alt eg kunne tenkja meg å skriva om er uoriginalt. Til dømes popmusikk i litteraturen. Eg trur det var minst fem berre på trinnet mitt som hadde “Bikubesong”, “Popsongar” eller båe med i særemnet sitt. Og so har eg ikkje lese ny skjønnlitteratur på svært lenge.

    Kanskje ville eg skriva om religiøs symbolikk. Siste boka eg las var “American Gods”, av Neil Gaiman. Men Gud forby at me skulle interessera oss for forfattarar som ikkje var norske, eller til naud nordiske.

  14. Ola sa

    No tykkjer eg du overdriv litt, Tarjei. Eg veit sjølvsagt at alt må finansierast på eitt eller anna vis, men diverre hadde eg ikkje tenkt særleg mykje over dette då eg registrerte meg på WordPress. Då det gjekk opp for meg korleis dei tener pengar, sa eg ikkje at dei er dumme som gjer det slik. Det tykkjer eg er ei grei sak, og eg korkje sutra eller surmula over dette.

    I dag er det faktisk slik at ganske mykje på internett ER heilt gratis. Det er dumt og barnsleg å venta at alt skal vera gratis, men det er ikkje dumt og barnsleg å TRU at noko er heilt gratis for so å finna ut at det er visse avgrensingar. Og etter å ha høyrt mykje fint om WordPress, vart eg rett og slett teken litt på senga då eg skjøna at for å kunna utnytta alt dette må ein ha systemet på eit eige domene. Eg hadde ikkje sett meg godt nok inn i korleis ting verkar, det burde eg ha gjort. Det må vel likevel vera lov til å seia at eg på grunn av dette angra litt, utan å verta skulda for å sutra? Slik det ser ut, ville kan henda ei løysing på Blogger passa betre for meg, men eg veit ikkje heilt.

    Det eg derimot finn litt grunn til å klaga på, er den innebygde teksthandsamingsfunksjonen eg må nytta, der HTML-modus ikkje er skikkeleg HTML-modus og der linedelinga av og til vert noko snodig.

  15. Ola sa

    Og orsak, Attergangar, for at eg starta eit ordskifte her noko utanfor emnet du skreiv om.

  16. Tarjei sa

    Kva, overdriv eg? Det kan eg aldri tenkja meg. Og utanfor emnet? Hei, dette er jo Internet!

    Hovudinntrykket mitt av WordPress-systemet er iallfall at det er ei imponerande programpakke, og at dei har lagt ned eit stort arbeid i å gjera installasjon, tilpassing og vedlikehald enkelt for “vanlege folk” (eg er freista til å samanlikna med eZpublish, men det ville nok vera urettferdig).

    Når det gjeld WordPress.com-tenesta, har du sikkert rett. Dersom eg skulle oppretta ein blogg utan at det kosta meg pengar, hadde eg heller valt Blogger. Eg oppretta faktisk ein blogg på WordPress.com ein gong, men tykte heile systemet der var så tregt at det vart litt ubrukeleg.

    Når det gjeld HTML-modus, har du nok rett. På bloggen min, der eg enno bruker WP 2.3.3, har eg berre eit rein tekst-grensesnitt og må skriva inn HTML-tags manuelt. Eg tykkjer det eigentleg er betre, for kvar gong eg bruker eit sånt HTML-modus får eg lyst til å skrika “det var ikkje det eg meinte, for pokker” når eg ser korleis koden under vert sjåande ut.

    Som bakgrunnsmateriale vil eg forresten tilrå ein fin tekst om fri programvare, skriven av Mass Soldal Lund (meir kjelder her).

  17. Tarjei sa

    Det er jo sjølvsagt bittelitt sannsynleg at den portal-løysinga som WordPress.com har, er til hjelp for å trekkja til seg ukjende lesarar frå fjern og nær. Men på hi sida veit eg ikkje kor godt det funkar, eller om det er interessant.

    Ein annan føremon med WordPress (vs. Blogger) er at ein kan ha statiske sider. For meg var det ein av mange argument for å bruka WordPress på mitt eige domene. Og no skal eg slutta med dette her, med mindre Ola finn på nokre lure argument eg må tilbakevisa.

  18. attergangar sa

    Ola: Det er heilt i orden, jamvel om eg datt litt av.

    Morten: Det er vel ikkje so rart at ein må skriva om norske forfattarar når særemnet trass alt er ein del av norskfaget…? Når det er sagt, var det fleire i klassen min som skreiv om utanlandske forfattarar, so det kan henda at det er (var?) opp til lærarane å avgjera dette.

    (P.S.: Har du lese “Good Omens”?)

  19. Tarjei sa

    Oi, attende til tema. Har du sett.

    Morten: Her er eg samd med Synnøve. Særemnet er ein del av norskfaget, og meininga er/var nok at elevane, etter å ha brukt tolv år på å tileigna seg eit generelt oversyn over norsk litteratur, skal gjera ein personleg djupstudie. På gymnaset las eg veldig mykje engelsk-språkleg science fiction, men eg trur ikkje eg var i stand til å setja det inn i ein samanheng på same måten som med norsk 1800-talslitteratur (for å ha det sagt: eg skreiv om overgangen mellom realisme og naturalisme). Eller kanskje eg var det. Uansett har eg sympati for tanken om at ein skal skriva om noko innanfor norsk litteratur.

  20. Bror sa

    Ola (for ein del kommentarar tilbake): Ja, Idar Handagard var utdana lækjar, men endte opp med å via livet sitt stort sett til målsaka i staden. Så det er nok den same som har skrive boka du nemnde som står på skrivarstova. Eg må få sjekka ut den boka på skrivars så snøggt som råd!

  21. Eva sa

    Hei, eg fann òg denne bloggen! Eg skal skriva særemne no, og tenkte å ta føre meg “Brennbart” av Kjartan Fløgstad og “NS, Høgnorsken og Riksmålet” av Finn-Erik Vinje. Så får me sjå korleis det går. Til no er eg mest stolt av at eg kom meg gjennom halve “Målreising i 75 år” som er bakgrunnsstoff. Eit skikkeleg NMU-særemne, men når eg fyrst skal lesa og skriva så mykje, kvifor ikkje ta noko eg kan bruka sidan?

    Tarjei: I kunnskapsløftet kan ein velja utanlandsk litteratur òg. Før kunne maks ei av tri bøker vera av ein utanlandsk forfattar.

  22. Tarjei sa

    Eva, eg innser at det ligg to reformar mellom meg og vgs-pensum i dag. Men eg tykkjer ikkje det hadde vore så teit dersom norskfaget fokuserte på norsk (evt. nordisk) litteratur.

Legg att eit svar