Historie frå røynda
juni 18, 2008
Ein kveld for eit par veker sidan sat eg på bussen frå Bergen til Nordhordland, og fekk tilfeldigvis med meg delar av ein samtale. Eg postar den mest interessante biten her, gjeven att fritt etter minnet, sidan me alle stundom treng å hugsa på kor vanskeleg bokmål er.
Jente: Og forresten, eg har endeleg forstått kva “uvedkommende ingen adgang tyder”.
Gut: Å?
Jente: Ja, for eg har alltid trudd at det vil seia at folk som er uvelkomne må halda seg vekke – at “uvedkommende” er det same som “uvelkomne”, sant…
Gut: Ja?
Jente: Men so plutseleg skjøna eg at dersom du er “uvedkommende”, so vil det seia at det ikkje vedkjem deg!
Gut: Aha…!
Løye! Og vil du lesa fleire av same slaget, kan du sjekka ut tjuvlyssnat.se. Det er rett nok på svensk, men utruleg morosamt.
Skulle vist ikkje alltid vere like lett