Det var snodig å vera på NMU-sumarleir. Snodig, men fint. Etter å ha vore vekke i eit år, hadde eg nesten gløymt kor glad eg er i målungdomen. Vonleg er målungdomen litt glad i meg òg, trass i at eg er vorten ein gamling som har andre interesser enn berre målsak.

(Ja, eg er sentimental i kveld. Slik er det.)

7 kommentarar til “Gamal kjærleik rustar ikkje”

  1. Klaus sa

    Klart vi er!

    Eg var også over gjennomsnittet sentimental under bussturen heim frå Oslo, dagen vi kom tilbake frå Aurland. Det var plutseleg da det slo meg at eg faktisk ikkje sit med fast plass i SST lenger..

  2. attergangar sa

    Det var fint å høyra.:-)

    Ja, det er ei ganske rar kjensle. Du kan i det minste koma på sst-møte enno, kan du ikkje?

  3. Klaus sa

    Jo, det er sant det der. Og i og med at eg skal vere budd på å gjere ting viss folk blir sjuke eller skal ut på tur, så bør eg jo halde tritt med kva som skjer, så eg kjem nok til å nytte meg av møteretten ein gang i blant. :-) Og LST-møta har eg lyst til å vere med på, viss eg har møterett der også :-P

  4. attergangar sa

    Eg er viss på at sentralstyret vert glade om du kjem på landsstyremøta!

  5. Jens sa

    Berre å seie frå om du vil gjere ein innsats for nynorsken og alle dialektane, Klaus!

  6. Eirik sa

    Eg ville eigentleg kommentera det siste innlegget på den førre bloggen din, men så ser eg at du har skifta blogg. Var det du som las ei bok av Stephen King der eit auge og ein binders var involvert?

  7. attergangar sa

    Eg sjekkar der av og til, i tilfelle nokon har lagt att ein kommentar. Og ja, det var eg, og ja, du hugsar det nok du òg.

Legg att eit svar