Hyllest til SmiO
september 17, 2008
Sidan eg sit på Blindern og tullar vekk tida, tenkte eg å posta noko eg fann i ei mappe på brukarområdet mitt. Det er ein mini-tale eg skreiv til Studentmållaget i Oslo sin bursdag i fjor sumar. Dei fylte 107 år, og som målungdomsleiar vart eg beden om å hylla dei. Det var ikkje so vanskeleg.
Hyllest til SmiO
Eg er beden om å seia nokre ord for å hylla SmiO. Sidan SmiO vert hylla langt sjeldnare enn dei fortener, var det slett ikkje noko urimeleg ynske. Spørsmålet var snarare dette: Kva kan ein eigentleg seia om eit lag som har bak seg 107 år med målarbeid? Korleis yta rettferd til ei slik historie?
Fyrst tenkte eg å gjera noko snedig, som å lista opp 107 grunnar til å engasjera seg i SmiO. Men jamvel om eg hadde kome opp med nok grunnar som de ikkje alt har høyrt eller tenkt på, ville det vore ein fare for at eg lett hadde tydd til overfladiske moment, som ”ein får gratis kaffi på matpakkesamlingane” eller ”ein får pylser på sumaravslutninga”. Som einkvar kulturkommentator kan fortelja deg, vil overflatisk listemakeri lett føra til banalisering og forflating. Og SmiO har fortent betre.
So tenkte eg: SmiO har verkeleg ei spenstig historie. Eg kan til dømes gå hundre år attende i tid, då laget framleis var ein ung jypling i mållagssamanheng. Og dette passar særleg godt, med tanke på at i dag er årsdagen for unionsoppløysinga. Kor mange andre studentlag ved Universitetet i Oslo kan skryta av å ha vore aktive i kampen for republikk i 1905? Og i kampen for unionsoppløysing før det? Kor mange studentlag har sysla med planar om å sprengja Karl Johan-statuen ved Slottet i lufta, for ikkje å snakka om å gjera det midt på ljose dagen, med opptog og leikarring?
Eller eg kan nemna at laget framleis er mellom dei største på Blindern – berre slått av Oslostudentenes Idrettsklubb. At eit utal leiande personar i målrørsla har bakgrunnen sin herifrå. At SmiO held fram med å fylla ein uvurderleg funksjon som samlingsstad for nynorskstudentar i hovudstaden.
Du kjenner dei nok: Den skjeggete HF-veteranen i slutten av tjueåra, som har arbeidd seg jamt og trutt gjennom norrøn filologi, gamalgresk og latin. Den ambisiøse statsvitskapsstudenten, med håret i ein plettfri hestehale og stjerner i auga. Den eksentriske dataentusiasten, som brenn for nynorske nettlesarar og open kjeldekode. Studentmållaget i Oslo har plass for dei alle.
So når eg skal hylla SmiO, er det kanskje fyrst og fremst for dette: SmiO er eit levande prov på at Oslo ikkje berre er ein by for bokmål og bokmålsfolk. Når me har eit stort og aktivt studentlag på det største universitetet i landet, i den største byen i landet, syner det at nynorsken kan veksa og trivast alle stader.
Om ikkje Universitetet i Oslo nett er målvenlege, er det uendeleg mykje lettare å vera nynorskstudent her no enn det var for 107 år sidan, då dei fyrste målstudentane ved Det Kongelige Frederiks Universitet samla seg for fyrste gongen. Me har mykje å takka SmiO for.
Skål for SmiO!
Hjelp
september 17, 2008
Eg er elendig til å fiksa ting. Du veit, ting som krev at ein snakkar med dei rette folka, fyller ut dei rette skjemaa, finn dei rette løysingane osb.
No har eg rett nok fått snakka med internasjonaliseringsrådgjevaren på instituttet, og fått greie på at fire av dei kursa eg tok i Montréal, truleg kan gå inn i 80-gruppa. Og då er vegen att til ferdig bachelorgrad brått vorten mykje kortare enn eg hadde trudd.
Men: Før alt er i orden, må eg søkja om endeleg godkjenning, snakka med seksjon for internasjonalisering om omrekning av crédits til studiepoeng, og truleg gjera ein del andre ting eg ikkje kjem på. Det er ikkje umogleg, ikkje ein gong vanskeleg, men det må fiksast.
Hjelp.