Ditt og datt

oktober 30, 2008

Eg har funne fram vinterstøvlane mine, mes bottes d’hiver som eg kjøpte i Montréal då Annelen var på vitjing. Dei er store og tunge, og eg føler meg ein smule butch når eg går med dei, men dei held godt på varmen.

I går var eg på den årlege grautkvelden til SmiO. Det var stas. Rett nok var det litt frustrerande å tapa kvissen til fordel for eit lag som ikkje hadde høyrd om tritonus eller som ikkje visste at den store bybrannen i Ålesund var i 1904 – men eg har i det minste høve til å hengja dei ut på bloggen min. Ta den!

Ein ting eg har lurt litt på i det siste, er kvar grensa går mellom intimitetstyranni og ærlegdom. Til dømes, dersom nokon står fram i avisa som alkoholikar eller hiv-smitta, vil mange synast det er flott at den personen er open om det, medan andre vil meina at det høyrer privatlivet til. Same med blogging: Nokon tykkjer det er modig og ærleg å leggja alt ut på nettet, andre tykkjer det berre er pinleg. Kva tykkjer du?

Mål og makt

oktober 23, 2008

Som vanleg oppdaterer eg medan eg er på Blindern og eigentleg skulle ha studert. Vel, eg skal gjera opp for dette ved å pugga latinske deklinasjonar etterpå.

Eg tenkte eg skulle driva litt blesting for bladet eg er med på å laga, Mål og makt. (Som, strengt teke, heiter “Mål og Makt”, men eg er ikkje so glad i den overdrivne bruken av store førebokstavar.)

Mål og makt er tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo, og vert laga av og for studentar (men er interessant for andre òg!). Me skriv om språk, språkstrid, kulturpolitikk og annan -politikk, litteratur og alt som er spanande. Eg er sjef for nr. 3, som kjem til å koma ut snart, og kan lova at der vert det mykje stilig å lesa.

Dersom du les dette, er det ikkje usannsynleg at du alt tingar Mål og makt, anten som privatperson eller gjennom laget ditt. Dersom dette ikkje er tilfelle, tykkjer eg du skal senda ein e-post til maalogmakt [alfakrøll] studorg.uio.no slik at me kan gjera noko med det. For jamvel om du av ein eller annan grunn ikkje tykkjer bladet høyrest spanande ut, har du sikkert lyst til å vera med på å stø opp om det einaste tidsskriftet som vert gjeve ut av målungdomar.

Snått og hovudverk

oktober 17, 2008

Eksperimentet mitt vart forlenga berre med ein dag, ser det ut til. Jaja. Eg vonar de hadde glede av det medan det varte, og so skal me sjå om eg ikkje finn på noko nytt snart.

Eg er sjuk nett no, og orkar ikkje gjera so mykje anna enn å sova, lesa, drikka te og surfa på internett. Eg gjer jo ein del slikt når eg er frisk òg, men no har eg liksom lov til det. Eg likar ikkje å tenkja på alt det eg skulle ha gjort, då.

Dersom du les dette, og har lyst til å muntra meg opp litt, kan du jo leggja att ein kommentar som du trur vil gjera meg glad.

[På oppmoding forlengar eg dette eksperimentet/prosjektet/kva de no vil kalla det. Takk for innspel, og kom gjerne med fleire - det er kjekt å vita at folk les det eg skriv.]

Musikalar er ein artig sjanger innanfor scenekunst og film. Dei føreset rett nok at publikum ikkje stiller for store krav til realisme, rett og slett av di det ikkje er realistisk med folk som bryt ut i song og dans heile tida. Somme musikalar klarar rett nok å løysa dette “problemet” – Chicago frå 2002 let alle song- og dansenumra gå føre seg i hovudet til hovudpersonen Roxie, bortsett frå der det faktisk dreier seg om reelle dansenummer.

Den siste musikalen eg såg, var Singin’ in the Rain på Oslo Nye Teater. Det var ei stilig oppsetning, og det var kjekt å endeleg få sjå det som vel må kallast ein av klassikarane innanfor sjangeren.  Don Lockwood og Lina Lamont er store stumfilmstjerner i Hollywood på 1920-talet, men det oppstår problem då dei skal spela inn den fyrste ljodfilmen sin, av di røysta til Lina er so stygg. Samstundes forelskar Don seg i den søte og musikalske Kathy.

Det som slo meg, var at det på mange måtar er ei trist historie. Dersom Lina ikkje hadde vore slik ei latterleg, uintelligent og overflatisk røy, ville eg ha sett på henne som ein tragisk figur, av di verda slik ho kjenner henne er i ferd med å endra seg, utan å ha plass til henne lenger. Slik det er, gjev musikalen oss ein lukkeleg slutt, og på vegen får me med mange imponerande gode song- og dansenummer.

Det verkar som om det har vore veldig “in” med vampyrar dei siste åra. Det har nok dels å gjera med seriar som Buffy og Angel, og dels med at mange tykkjer det er kult å vera litt sånn svartkledd og mystisk, og då høyrer det liksom med å lika vampyrar. In eller ikkje, vampyrar er interessante kor som er.

Det finst mange gode vampyrfilmar og -bøker (og sjølvsagt mange som ikkje er so gode). Interview With A Vampire frå tidleg nittital, med Tom Cruise, Brad Pitt og ei særs ung Kirsten Dunst i rollene, kan tilrådast for den som likar kjekke menn, 1700-talet, homoerotikk, skrekk og blod. Styr derimot unna oppfylgjaren Queen of the Damned, som er ein av dei verste filmane eg har sett.

Eg vil òg tilrå den noko meir sosialrealistiske svenske filmen Låt den rätta komma in, som er ei rørande og til tider skummel vampyrforteljing frå utkanten av Stockholm på åttitalet. Boka han er bygd på, skal visst òg vera svært god, men eg har ikkje lese henne.

Dessutan finst det eit utal Dracula-baserte vampyrfilmar, men her kjem eg til kort, sidan eg nesten ikkje har sett nokon av dei. Derimot kan eg alltids tilrå romanen til Bram Stoker frå 1897.

[Fyrst må eg be om orsaking for at det ikkje kom nokon post i går - eg hadde ikkje tid til å skriva noko før eg sette meg på toget vestover, og då eg var komen til Knarvik og skulle oppdatera, ville ikkje PC-en min inn på det trådlause nettverket. Eg kompenserer ved å skriva om to emne i dag. ]

Dag 5: Canada

Eg nyttar alle høve til å spreia meir ålmenkunnskap om Canada. Det trengst sårt, ser det ut til – eg veit ikkje kor mange gonger folk har spurd meg om kvifor eg reiste dit på utveksling (“ville det ikkje vore betre å reisa ein stad der folk snakka fransk?”).

Canada har ti provinsar (Ontario, Québec, Britisk Columbia, Newfoundland, Nova Scotia, Manitoba, Saskatchewan, Alberta, New Brunswick og Prins Edwards øy) og tre territorium (Nordvestterritoria, Yukon og Nunavut). Det er mykje interessant å seia om kvar av dei. Visste du til dømes at Yukon, der onkel Skrue fann gull, ligg vest for Nordvestterritoria, trass i namnet? Det er av di Nordvestterritoria opphavleg var namnet på heile den tynt folkesette nordvestlege delen av Canada. Yukon og Nunavut (som tyder “landet vårt”) vart so skilt ut for seg.

Mottoet til Canada, “A mari usque ad mare”, tyder “frå hav til hav”. Særs treffande, med tanke på geografien.

Dag 6: Overtruiske romarar

Romarane var det me ville kalla for overtruiske. Dei hadde eigne varseltydarar som hadde i oppgåve å lesa teikn i naturen for å finna ut kva gudane ville. Dette var særleg viktig før store hendingar, som til dømes avgjerande slag. Før kvart møte i senatet, vart det slakta eit dyr, slik at ein kunne lesa i innvollane og soleis forsikra seg om at ein var på lag med gudane.

Kanskje kan ein seia at visse Ap-politikarar ikkje har gjort anna enn å slutta seg til ein god, gamal tradisjon…

Eksperiment, dag 4: Te

oktober 9, 2008

Det eg likar med te, er at det er so utruleg mykje å velja mellom, frå ekte, rein svart te, til “juksevariantar” laga av tørka frukt.

Mange ser tydelegvis på te som ein typisk “kosedrikk”, noko som høyrer saman med myrke haustkveldar, varme pledd, regn ute og Belle and Sebastian på CD-spelaren. Eg er samd i at teen funkar bra til dette føremålet, men for meg er te dessutan ein veldig god arbeidsdrikk: Ingenting er so bra som å ha ein kopp te ståande når eg skal skriva oppgåve eller det som verre er.

(Kaffi, derimot, forbind eg minst like mykje med kos som med arbeid, av di eg drikk kaffi når eg har god tid om morgonen, når eg er på interessante førelesingar og møte, når eg slappar av etter middagen, og når eg er på kafé med gode vener. Dette syner berre kor poenglaust det er å reservera ulike varme drykkar for ulike domene.)

Personleg er eg ikkje so glad i Darjeeling og Ceylon-teane; dei vert for beiske for meg. Dei typane svart te eg likar best, er Earl Grey (gjerne blå blome-varianten), krydra tear (til dømes chai-te) og tear som er tilsett ulike blomar og tørka frukt (til dømes Haustflørt, som er tilsett vanilje, kanel og eple, mmm). Når det gjeld te utan koffein, finst det mykje lekkert å velja mellom, alt frå urte- og fruktte til ulike typar rooibos. Sistnemnde skal dessutan ha god effekt på sentralnervesystemet, vert det sagt.

Eksperiment, dag 3: BH-en

oktober 8, 2008

I dag vil eg skriva om BH-en, av di han er eit essensielt klesplagg for mange kvinner, samstundes som han ofte har vorte nytta som symbol på patriarkalsk undertrykking. Eg har ikkje tenkt å seia so mykje om plagget i seg sjølv – han kjem i alle fargar og fasongar, med eller utan spile, innlegg og stroppar, og alle har sin eigen smak. Derimot tykkjer eg at koplinga BH-motstand og feminisme er litt interessant å sjå på.

Ein kan seia at BH-en har to hovudfunksjonar: 1) hindra brysta i å slengja rundt slik at det gjer vondt, og 2) få brysta til å sjå fine ut under kleda.

I romanen Egalias døtre, som handlar om eit fantasiland der kvinner undertrykkjer menn, let Gerd Brantenberg dei mannlege personane sine gå med PH.  Dette plagget kan ikkje seiast å ha nokon funksjon utover det reint estetiske, og soleis vert det å kvitta seg med PH-en ei viktig symbolsak for hovudpersonen Petronius og maskulistvenene hans. Det er vanskeleg, for i Egalia er det å byrja å bruka PH ei viktig markering av at guten er vaksen, og snart gifteklar.

Det er klart at dersom naturen har utstyrt deg med små bryst, er det nok like greitt å gå utan BH, og i so fall kan samfunnet sine forventingar om at du skal nytta push-up for å sjå annleis ut enn det du er, opplevast som svært slitsame. Men for ein del av oss er den fyrste hovudfunksjonen vel so viktig som den andre; me nyttar BH like mykje for å sleppa å ha det vondt, som på grunn av press frå samfunnet. Eg trur dei fleste feministar er fullt klåre over dette, men det kan jo vera greitt å klåra opp i likevel.

Eksperiment, dag 2: Latin

oktober 7, 2008

Latin er eit fascinerande språk. Visste du til dømes at det ikkje har eigne ord for “ja” og “nei”? Dersom du til dømes hadde spurd ein romar om han trudde på Gud, må han ha svara “non credo”, altso: “Eg trur ikkje”.  Rett nok fann dei ei løysing på dette etter kvart, ved å seia “sic” og “non sic” (“slik er det”/”slik er det ikkje”). “Sic” har etterkvart utvikla seg til “si” i t.d. spansk og italiensk.

Ein annan ting som er spesielt med latin, er at det ikkje har determinantar – til dømes kan “panus” tyda både “brød”, “eit brød” og “brødet”. Veldig greitt.

Eksperiment

oktober 6, 2008

Eg trur mesteparten av desse blogginnlegga vert til medan eg eigentleg skulle gjort noko anna. Nett no ventar eg på at det skal verta min tur på badet, so då kan eg like godt nytta ventetida til noko fornuftig.

Dette har eg gjort i det siste: Arbeidd i kaffibutikken, studert, nytta tid på den intellektuelle spjotspissen i målrørsla (aka Mål og makt), trent, freista å vera sosial… Ikkje so mykje spanande, med andre ord.

Men! For å auka oppdateringsfrekvensen min, tenkte eg eg skulle gjera eit eksperiment: Kvar dag denne veka, skal eg skriva fem til ti setningar om eit emne som interesserer meg. Det kan vera kva som helst, og det er ikkje sikkert at du som les dette kjem til å synast det er so spanande, men kanskje lærer du noko nytt, og då er det jo verd det.

Er du klar? Då køyrer me i gang!

Måndag: Oscar Wilde og The Picture of Dorian Gray

Eg har inntrykk av at Oscar Wilde er i vinden for tida. Sjølv har eg vore ein slags fan av mannen heilt sidan eg las forteljinga om Canterville-skrømtet, som vert særs frustert då den amerikanske familien som vitjar slottet han bur på, nektar å lata seg skræma. The Picture of Dorian Gray, derimot, har eg eit noko meir ambivalent tilhøve til – romanen er litt vel melodramatisk og svulstig for min smak – men det er ei veldig fascinerande bok.

Tittelkarakteren vert portrettert av målaren Basil, som introduserer han for den dekadente Lord Henry, som hevdar at venleik og njoting er det einaste viktige i livet. Dorian vert særs fascinert av denne tankegangen, og snart er han i gang med å eksperimentera med alle slags lovlege og ulovlege aktivitetar. Han mislikar tanken på at han ein gong skal verta gamal og stygg, og seier difor på eit tidspunkt at han skulle ynskja måleriet til Basil kunne eldast i staden for han sjølv. Før han veit ordet av det, har han fått ynsket sitt oppfylt.

Dorian Gray er influert av den franske romanen À rebours, som handlar om ein adelsmann som trekkjer seg attende til eit einsamt slott for å gjera sære eksperiment (som til dømes å dyrka fram stygge, giftige blomar). Mellom anna får Dorian ei ikkje namngjeven fransk bok i gåve av Lord Henry, og det er denne “giftige” romanen som verkeleg set i gang prosessen der Dorian kvittar seg med dei moralske skruplane sine, ein etter ein.

Jammen vart det ikkje fem til ti setningar, gitt.