Feil å unngå
november 26, 2008
Eg har lagt merke til at det er somme feil mange nynorskbrukarar gjer når dei skriv, anten dei har vakse opp med språket eller ikkje. Eg tenkte å påpeike tre av dei mest vanlege – ikkje for å gjera narr, men av di desse feila eigentleg er ganske greie å unngå når ein berre vert gjort merksam på dei.
1. “Eiget”
På nynorsk heiter det eige: Eit eige hus med eigen hage, eit eige rom med utsikt, osb.
2. Passiv utan hjelpeverb
Me brukar passiv stort sett berre saman med hjelpeverb. Døme: Omgrepet ‘kodeveksling’ nyttast vert ofte nytta i sosiolingvistikken.
3. “Me sjåast”
På nynorsk heiter det me sest. Grunnen er eigentleg ganske enkel: Det me meiner, er at me ser kvarandre, altso vert forma danna på grunnlag av presens av verbet.
Det er nærliggjande å tru at desse feila skriv seg frå påverknad frå bokmål. Difor er det berre rett og rimeleg at me tek med eit bonusspor, nemleg ein feil bokmålingar gjer minst like ofte som nynorskingar. Eg snakkar sjølvsagt om “i forhold til”.
Spørsmål: Tyder setninga “kodeveksling er interessant i forhold til tospråklegdom” at a) kodeveksling er meir interessant enn tospråklegdom eller b) kodeveksling er interessant med tanke på tospråklegdom?
Rett svar er a, men folk nyttar ofte slike konstruksjonar når dei meiner b. Eg veit ikkje om dette er ei tapt sak, men det er framleis ganske mange som er opptekne av å nytta “i forhold til” rett.
Dialektologi i badstova
november 20, 2008
Eg er ikkje flink til å plassera dialektar, i alle høve ikkje til å vera språkstudent og mangeårig målkvinne. Det er litt flaut.
I går kveld var eg og trente på Centrum Athletica (som ville heitt Centrum Athleticum på latin, men la gå). Då eg kom inn i badstova etterpå, sat det to jenter der og snakka saman på ein fin, nynorsknær austlandsdialekt.
Eg hadde akkurat tippa på valdres, då ei av dei nemnte noko om Hemsedal. “Aha, dei snakkar hallingmål”, rakk eg sovidt å tenkja, før ho (eller kanskje ho andre, eg hugsar ikkje) tok til å snakka om ei hytte ho hadde vore på i Rauland. Då vart eg forvirra: Var dei kanskje frå Vest-Telemark?
(Her passar det kanskje å presisera at eg ikkje tjuvlytta på innhaldet i det dei snakka om – det var totalt uinteressant, og dersom dei hadde vore frå t.d. Oslo eller Bergen ville eg ikkje høyrt etter i det heile teke. Men gleda over å høyra uforfalska dialekt frå dalstroka innanfor midt i byen tok over både lingvisten og målungdomen i meg.)
Dei gjekk til slutt, utan at eg hadde vore i stand til å plassera dei. Deretter kom det eit par andre, som snakka svensk. Eg trur kanskje dei var finlandssvenskar, men neimen om eg veit. Setningsmelodien deira minna i alle fall om den til Piirka.
Elles er det no klart at eg skal til Berlin i januar! Eg gler meg storleg. Nokon som har lyst til å gje meg eit intensivkurs i tysk?
Om (manglande) eksamensnervar
november 13, 2008
Eg skulle ynskja eg var meir tilbøyeleg til å få eksamensnervar. Då hadde eg kanskje teke meg saman og lese meir.
Det beste minnet eg har om eigen leseinnsats, er då eg førebudde meg til munnleg eksamen i eit litteraturhistorieemne eg tok våren 2005: Eg sat på lesesalen kvar dag og gjennomgjekk pensum systematisk, skreiv notat, kryssjekka fakta, laga oppsummeringar, og so bortetter – eg var verkeleg ein mønsterstudent, om eg skal seia det sjølv. (Det beste var at det løna seg, og eg fekk A på eksamen. Skryt, skryt.)
Men sidan den gongen har det vore so som so med lesinga. Særleg i periodar då eg er trøytt og nedfor, har eg vanskar med å konsentrera meg. Og det hjelper heller ikkje at det som oftast går bra på eksamen, jamvel om eg ikkje er særleg budd. (Kva er då problemet, spør du kanskje? Vel, eg vil jo at det skal gå strålande, ikkje berre bra. Dessutan vil eg læra noko, ikkje berre få gode karakterar, som den kvasiintellektuelle åndssnobben eg er.)
Ok, nok syting. Eg skal nok ta meg saman og lesa meir. I mellomtida kan eg nytta høvet til å seia kor idiotisk teit tenestedirektiv-avgjerda til Jens og gjengen er. Vil dei ikkje at folk skal røysta på dei, eller?
Dei skulle hatt juling
november 10, 2008
I dag, då eg skulle gå på trikken, kom ein brautande oslofjortis og trengte seg fram føre meg, jamvel om eg hadde stått og venta lenger enn han. Og i det eg skulle fylgja etter, gjorde kameraten hans nett det same. Hallo? Har de høyrt om vanleg høflegdom, dritungar? Eg vonar de druknar i hårvoks!
Ein som derimot ikkje skulle hatt juling, i alle høve ikkje nett no, er utanriksministeren – eg hadde ikkje venta sopass av han. Men mange av kommentarane han får, er sjølvsagt heilt koko.
Og der…
november 7, 2008
…var fyrsteutkastet til oppgåva mi sendt av garde. No kan eg ta helg.
Tempus fugit
november 4, 2008
Eg var på hyttetur i helga, saman med Janne, Klaus, Birgitta, Bror, Odin, Helene, Eva og Eirik. Det var koseleg, jamvel om det gjekk opp for meg på eitt eller anna tidspunkt at eg var den eldste der. Crazy.
Problemet er at tida går so vanvittig fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan eg kom heim frå Canada, men eg tykkjer heller ikkje det er lenge sidan sist vinter, eller i fjor haust, eller i fjor sumar… Og so seier dei at det berre vert verre, di eldre ein vert. Argh.
Eitt av problema med at tida går so fort, er at det fører til so mange skippertak. Til dømes er det slett ikkje lenge sidan eg leverte inn det fyrste essayet i eitt av emna eg tek, FRA 1501. Eg har teke det litt med ro og tenkt at det var lenge til neste innlevering, men no sjekka eg nettopp fristen, og det er alt på fredag. Og eg har ikkje skrive eitt ord enno! Hjeeeeeeeelp…
Ok, det er ikkje lange greiene det er snakk om – to til tre sider – men eg må jo skriva noko intelligent, og helst ha litt substans i arbeidet. Og eg veit ikkje ein gong kva eg skal skriva om. Fyrste verdskrig er jo dødsinteressant (bokstavleg tala!), men dersom eg skriv om kva Dreyfussaka tyder for meg, har eg ei orsaking for å vera subjektiv.