Løysing på jolekvissen
desember 30, 2008
Ops, eg gløymde å posta løysinga på jolekvissen fyrste joledag, slik eg hadde tenkt. Men her er ho:
1. Kva for ein kjend Disneyfigur møter me for fyrste gongen i Carl Barks-forteljinga “Jul på Bjørnefjell”?
c) Onkel Skrue
2. Kva tyder ordet “advent”?
b) Tilkomst
3. Fyll ut den manglande verselina: “Glade jol, heilage jol, …..”
b) Englar kjem frå Guds kongestol
4. Du hugsar kanskje serien “Julefergå” som gjekk på TV 2 for nokre år sidan. Kva heitte dei tre kubanarane som var sperra inne i eit skipsvrak på botnen av fjorden?
a) Carlos, Diego og Madoni
5. Skal ein tru tradisjonen, står G.F. Händel bak melodien til ein jolesong mellom andre Tammy Wynette har gjort kjend. Kva for ein?
a) Joy to the World
6. I ei av forteljingane til Astrid Lindgren, er det nokon som lagar til ein stor jolefest for fattigfolket i bygda. Kven?
b) Emil frå Lønneberget
7. Kven har omsett jolesalmen “Det hev ei rosa sprunge”?
a) Peter Hognestad, teolog frå Jæren
8. Sitatet “Cheerio, Miss Sophie!” er henta frå ein av desse TV-joleklassikarane – kva for ein?
a) Grevinna og hovmeisteren
9. Bridget Jones møter mannen i sitt liv på ein jolefest. Kva heiter han?
c) Mark Darcy
10. Du har kanskje fått med deg at “The Julekalender” vert sendt om att i år. Men hugsar du når serien vart send for fyrste gongen?
b) 1994
Vinnaren av kvissen vart Eirik, med 10/10 rette svar! Han redda æra til familien, og får dimed ei ekstra fin gåve neste jol. Takk til alle for innsatsen!
Jolekviss!
desember 10, 2008
Tradisjonen tru vert det jolekviss i år òg. Sjå her og her om du er nyfiken på tidlegare utgåver.
Reglar: Det er ikkje lov til å googla/wika/finna svara på annan måte. Heile moroa er jo at du får testa kva du veit frå før! Eg postar rette svar 1. joledag. Vinnaren får… Tja, det veit eg ikkje enno. Det får vera ei overrasking.
Lukke til!
1. Kva for ein kjend Disneyfigur møter me for fyrste gongen i Carl Barks-forteljinga “Jul på Bjørnefjell”?
a) Bestemor Duck
b) Magica frå Tryll
c) Onkel Skrue
2. Kva tyder ordet “advent”?
a) Ventetid
b) Tilkomst
c) Fullmåne
3. Fyll ut den manglande verselina: “Glade jol, heilage jol, …..”
a) Englar dalar ned i skjol
b) Englar kjem frå Guds kongestol
c) Englar kjem med alkohol
4. Du hugsar kanskje serien “Julefergå” som gjekk på TV 2 for nokre år sidan. Kva heitte dei tre kubanarane som var sperra inne i eit skipsvrak på botnen av fjorden?
a) Carlos, Diego og Madoni
b) Carlos, Ernesto og Madoni
c) Carlos, Antonio og Enrique
5. Skal ein tru tradisjonen, står G.F. Händel bak melodien til ein jolesong mellom andre Tammy Wynette har gjort kjend. Kva for ein?
a) Joy to the World
b) O helga natt
c) White Christmas
6. I ei av forteljingane til Astrid Lindgren, er det nokon som lagar til ein stor jolefest for fattigfolket i bygda. Kven?
a) Pippi Langstrømpe
b) Emil frå Lønneberget
c) Marikken
7. Kven har omsett jolesalmen “Det hev ei rosa sprunge”?
a) Peter Hognestad, teolog frå Jæren
b) Arne Garborg, forfattar frå Jæren
c) Aasta Hansteen, landsmålspioner frå Kristiania
8. Sitatet “Cheerio, Miss Sophie!” er henta frå ein av desse TV-joleklassikarane – kva for ein?
a) Grevinna og hovmeisteren
b) Tre nøtter til Askepott
c) Flåklypa Grand Prix
9. Bridget Jones møter mannen i sitt liv på ein jolefest. Kva heiter han?
a) Daniel Darcy
b) Mark Cunningham
c) Mark Darcy
10. Du har kanskje fått med deg at “The Julekalender” vert sendt om att i år. Men hugsar du når serien vart send for fyrste gongen?
a) 1995
b) 1994
c) 1992