Fritt Vilt

januar 29, 2009

Eg fann ut at det var på tide å prøva ein ny utsjånad for bloggen. Kva tykkjer de?

For ikkje so lenge sidan såg eg Fritt Vilt om att (den fyrste, altso), og eg kom til å tenkja på noko. Etter å ha diskutert det med andre, er eg viss på at eg har rett. Les, og sjå om du er samd.

Same kva ein meiner om Fritt Vilt-filmane, kan ein vera med på at skurken er skummel. Ein svær, mystisk fjellmann som ein aldri ser andletet på, og som drep alle han kjem over? Skummel som berre pokker. Men det er ein stor veikskap ved han: Han et ikkje ofra sine. Og det er dumt, for det er minst tre gode grunnar til at fjellmannen burde  vore kannibal:

1. Det gjer alt endå nifsare.

2. Det forklarar korleis fjellmannen kunne leva der oppe i det nedlagte hotellet utan nokon gong å gå på butikken (med mindre han grev seg ned i snøen og fangar mus?).

3. Sist, men ikkje minst, gjev det han ein rasjonell grunn til å drepa folk. Slik det er no, gjer han det tydelegvis berre av di han har lyst. Deretter slengjer han skrottane i ein bresprekk. Kva er poenget?

Eg lurer på om filmskaparane tenkte på dette i det heile. I so fall, tykte dei filmen ville verta altfor grotesk dersom menneskeeting vart involvert? Men i so fall, kvifor ville dei laga skrekkfilm i det heile teke?

Punktvis post

januar 19, 2009

  • Godt nyttår! (Betre seint enn aldri.)
  • Berlin var veldig kjekt. Det var artig å reisa saman med Janne, Klaus, Odin, Helene og Ida, og det var fint å treffa Annelen. (Alle likar å verta nemnte på andre folk sine bloggar, ikkje sant?)
  • Det som ikkje er so kjekt, er at eg skulle gå på førelesing kl 10.15, den andre i semesteret. (Den fyrste var sist måndag, då eg var vekkreist.) Eg kom til Blindern 10.16, og sidan eg kom til å verta litt sein same kva, tenkte eg å gå innom Akademika og sikra meg eit eksemplar av pensumlitteraturen. Sjølvsagt synte det seg at boka ikkje var inne… So no sit eg på Kafé Sverdrup og ventar på pausen, slik at eg i det minste kan vera med på andre halvdelen av økta, jamvel om eg ikkje har bok. Eller notatblokk, kjem eg på no.
  • Det er Mål og makt-møte i dag. Yay!
  • Eg har nokre nyttårsløfte, men eg har ikkje vore so flink til å halda dei enno. Dei fleste av dei er langtidsmålsetnader, rett nok: Eta sunt, trena mykje, ha struktur på kvardagen osb.