Gratis bøker, nokon?
juni 19, 2009
Eg skal flytta snart, og freistar å kvitta meg med ting eg ikkje har bruk for. Nokre av dei bøkene som ikkje har høg nok nytte- eller affeksjonsverdi til å kjempa om plassen i bokhylla lenger, treng ein ny heim; difor tenkte eg å høyra om de som les dette er interesserte, før eg eventuelt går til Fretex eller Maritabutikkane.
Bøkene er stort sett i nydeleg stand, med stive permar. Når eg gjev dei vekk, er det som sagt av di eg freistar å gjera flyttelasset mindre, ikkje av di det er noko gale med den litterære kvaliteten — fleire av desse verka er klassikarar, som du ser.
Bøker, med språk i parentes:
- Charlotte Brontë – Jane Eyre (bm)
- Monica Ali – Brick Lane (eng)
- Ragnar Hovland – Norske gleder (nn)
- Lars Mæhle – Narniadraumar (nn)
- Knut Nærum – Døde menn går på ski (bm)
- Bergljot Hobæk Haff – Sigbrits bålferd (bm)
- Agatha Christie – Kortene på bordet, Hvem skrev til Louise? og Mord på Orientekspressen (bm)
- Marion Zimmer Bradley – Lady of Avalon (eng)
- Henry James – Spøkelseshistorier [inkl. den svært kjende "The Turn of the Screw"] (nn)
Dersom du er interessert, kan du leggja att ein kommentar, og so kan eg anten gje deg bøkene personleg, eller senda dei i posten. (I so høve må eg be deg om å vera so grei å svara portoen.) Det kan òg henda at eg lagar ei ny liste når eg har fått rydda litt meir i sakene mine.
Eg tek gjerne imot bøker;) Knut Nærum, Charlotte Brontë, Monica Ali…eg får vel stoppa der.. Om ingen andre har “teke” dei allereie då:) Kvar skal du flytta forresten?
Nei, du er fyrst til mølla, som du ser.
Skal eg senda dei til deg, eller skal du innom Oslo i veldig nær framtid?
Eg har fått hybel på Vestgrensa, og tenkte det var lurt å dra minst mogleg inn der…
Oi, no såg eg at du hadde tagga meg eller kva det no heiter på norsk. Skal ta utfordringa når eg får tid!
Eg vil veldig gjerne ha Hovland, om den ikkje er lova bort.
Skal vel ikkje til Oslo i næraste framtid nei, du skal vel ikkje til vestlandet heller? Om ikkje er det vel best å senda dei, men gjerne til mamma og pappa si adresse, då er det ikkje so dyrt:)
Janne: Som du ser, har ingen kome med ynske om Hovland-boka so langt, so ho er di! Skal eg ta henne med på NMU-sumarleiren?
Annelen: Det kan eg. Om portoen er den same, har du noko mot å få ei bok eller to ekstra på kjøpet…?
Det har eg ingenting mot:)
Æsj, janne tok hovland før meg…
Annelen: Bra, då skal eg sjå kva eg finn.
Eva: Ja, slik går det – ein må vera om seg. Er det ikkje noko anna du har lyst på i staden?
Ja, når eg er so uuuur-seint ute lyt eg vel tola at Hovland kvarv framfyre augom slik. Er Lars Mæhle-boki enno på leit etter ny hylleplass?
-kf
Eg donerte henne til NMU-kiosken, saman med mla. Henry James… Er du interessert i Hobæk Haff? Eller Avalon-boka?
Skjønner jeg er for sent ute til å få med meg en av de gratis bøkene, men anbefaler heller noen bøker som ikke er så alt for vanskelige å flytte med seg – http://www.bookboon.no gir ut gratis bøker på nett, som kan lastes ned i pdf-format. Både akademiske lærebøker og reiseguider. Som sagt – ANBEFALES!