Lauvet

oktober 4, 2009

Eg ventar på bussen: Ein gamal mann står attmed. Det er tørt i lufta, tørt og kaldt; sola er skinande, himmelen blå. “Det er høsten nå,” seier mannen, ein nasal knekk i målet, det dei kallar sobert. Eg nikkar. Lauvet raslar rundt føtene våre.

Raudt, gult, brunt, meint å døy same året det vart fødd. Eg ser på mannen, det kvite håret, dei bleike auga. Rynkene, somme av dei djupe, andre fine som linene i lauvet. Eg tenkjer på kor mange fleire busstopp han har sett, kor mange fleire årstider, kor mange fleire kvinner, menn.

Nok eit blad fell; det treff meg i nakken og klamrar seg fast. Eg plukkar det vekk, gnir det mellom fingrane, kjenner knitringa. Når eg ser opp, er mannen vekke. Bussen er framleis ikkje komen.

Det er høsten nå.

Oppdatering

juli 10, 2009

Sidan sist har eg flytt inn på Vestgrensa, studenthuset som ligg vegg-i-vegg med Domus Athletica. Det er ein fin plass å bu – i alle høve har det vore det so langt, jamvel om fryseboksen i kjøleskåpet var so godt som ubrukeleg av di eit isberg hadde vakse inne i han og fylt han opp. No har eg drege ut kontakten og sett ei bytte til å fanga opp smeltevatnet; vonleg er monsteret vekke i morgon tidleg…

Elles har eg funne ut at eg likar Fairport Convention. Det kjem sikkert du til å gjera òg, dersom du høyrer på denne songen.

Gratis bøker, nokon?

juni 19, 2009

Eg skal flytta snart, og freistar å kvitta meg med ting eg ikkje har bruk for. Nokre av dei bøkene som ikkje har høg nok nytte- eller affeksjonsverdi til å kjempa om plassen i bokhylla lenger, treng ein ny heim; difor tenkte eg å høyra om de som les dette er interesserte, før eg eventuelt går til Fretex eller Maritabutikkane.

Bøkene er stort sett i nydeleg stand, med stive permar. Når eg gjev dei vekk, er det som sagt av di eg freistar å gjera flyttelasset mindre, ikkje av di det er noko gale med den litterære kvaliteten — fleire av desse verka er klassikarar, som du ser.

Bøker, med språk i parentes:

  • Charlotte Brontë – Jane Eyre (bm)
  • Monica Ali – Brick Lane (eng)
  • Ragnar Hovland – Norske gleder (nn)
  • Lars Mæhle – Narniadraumar (nn)
  • Knut Nærum – Døde menn går på ski (bm)
  • Bergljot Hobæk Haff – Sigbrits bålferd (bm)
  • Agatha Christie – Kortene på bordet, Hvem skrev til Louise? og Mord på Orientekspressen (bm)
  • Marion Zimmer Bradley – Lady of Avalon (eng)
  • Henry James – Spøkelseshistorier [inkl. den svært kjende “The Turn of the Screw”] (nn)

Dersom du er interessert, kan du leggja att ein kommentar, og so kan eg anten gje deg bøkene personleg, eller senda dei i posten. (I so høve må eg be deg om å vera so grei å svara portoen.) Det kan òg henda at eg lagar ei ny liste når eg har fått rydda litt meir i sakene mine.

Dormire necesse est

mai 13, 2009

Eg fekk ikkje sova før ca halv fire i natt. Særs lite kult, sidan eg skulle opp halv åtte for å ha eksamen i latinsk grammatikk. (Det gjekk forresten bra – fint at det forbaska stresset ikkje klarar å øydeleggja so mykje for meg.)

Altso, eg er rimeleg flink til å takla stress. Det vil eg seia. I staden for å bruka tida på å springa rundt og riva meg i håret, satsar eg stort sett på å gjera ting i den rekkjefylgja dei bør gjerast. Men på eitt område får stresset siste stikk, og det gjeld svevnvanane. Eg søv stort sett godt når eg fyrst søv, men det å koma so langt, er ikkje alltid lett.

Kva skal ein gjera for å få sova godt? Eg har alt nemnd dette med koffein. Somme seier det ikkje er lurt å trena om kvelden, men greia er at det stort sett er då eg har tid (og lyst) til å trena; dessutan tykkjer eg det verkar avslappande. Den einaste sikre metoden, er å venta til eg er daudtrøytt – på det stadiet der eg les same boksida om att og om att –  før eg legg meg til å sova, noko som funkar dårleg når eg skal opp tidleg. (Og ja, eg er veit jo at det å stå opp tidleg er lurt for å få sova same kveld, men når ein ikkje har mange timane svevn bak seg, er det særs lite freistande der og då…)

Eg prøvde noko nytt ein kveld. Du veit korleis det er, når det er eit utal ting som svirrar rundt i hovudet og nektar å gje deg fred? Det eg prøvde, var å skriva ned ei liste med dei tinga som nekta å gje slepp på medvitet mitt. På den måten var det sikkert at eg kom til å ta meg av dei, samstundes som eg kunne venta til dagen etter (då det faktisk var mogleg å gjera noko med dei). Dette funkar fint, har eg funne ut, med konkrete ting – som å hugsa å kjøpa linsevæske, eller å gå innom biblioteket før førelesing – men når det gjeld større, meir vage og mindre handgripelege ting som ikkje nettopp er råd å fiksa med det fyrste, vert det verre.

Heite tips, både for svevn og mot stress, vert tekne mot med takk.

Ordet er fritt

mai 8, 2009

Dette er det eg har å seia om Fritt Ord-prisen:

1. Mediefolk/ekspertkommentatorar/journalistar =/= alle. Det frilynte mellomklasserøyndomen dei lever i =/= den røyndomen mange andre lever i.

2. At Nina Karin Monsen seier ting desse mellomklasse-mediefolka er usamde i, tyder dimed ikkje at ho seier ting alle er usamde i. Det er dimed ikkje nødvendigvis slik at ho er ein modig dissident  som berre møter motbør – tvert om, mange er samde i det ho seier, og støttar henne heilt og fullt (utan at det tyder at ho har rett).

3. Det å gjera NKM til eit offer for “den kompakte majoritet”, er om lag like fornuftig som å gjera Carl I. Hagen til martyr for det sunne folkevitet.

4. Ingen har, so vidt eg har sett, meint at det skal vera forbode å seia at det å føla dragning mot folk av same kjønn, er like gale som å vilja misbruka ungar (jfr. NKM sine kommentarar om pedofile) – men er det ein modig og viktig ting å seia? Kva har NKM risikert ved å uttala slike ting, bortsett frå å framstå som intolerant og hatefull? Har ho motteke drapstrugsmål? Har LLH sett ein pris på hovudet hennar?

5. Dersom målet til Fritt Ord var å få blest om prisen, har dei lukkast over all forventing. Til lukke. Det skal dei ha.

Superheltar

april 20, 2009

Eg og Birgitta såg Watchmen på fredag, og eg er framleis litt i svime.

No var eg litt skeptisk i og med at det var Zack Snyder som hadde regissert han, og eg var vel ikkje so veldig imponert korkje av Sin City eller 300, men denne gongen fekk eg skepsisen min blåst vekk fortare enn du kan seia “atomkrig”. For ein film!

Ok, det at forteljingane og personane var so fascinerande må ein nesten gje ros til kjeldematerialet for: Watchmen er trass alt den einaste teikneserien (etter det eg veit) som har fått ein plass på Times si liste over beste engelskspråklege romanar. Eg har ikkje lese boka, men no har eg lyst – eg vil vita meir om Rohrschach, Dr Manhattan og (sjølvsagt) Adrian Veidt.

Har de sett denne filmen? Om ikkje, burde de gjera det. Særleg Ola, som eg trur vil lika han, og Simon, som veit meir om Sci-Fi enn nokon annan eg kjenner.

Aaaaarh

april 15, 2009

Eg har ikkje oppdatert bloggen på ein månad. Eg har ikkje skrive oppgåva som eg skal levera inn i morgon. Eg har ikkje vore til frisøren. Eg har ikkje rydda rommet. Eg har ikkje gått gjennom posten. Eg har ikkje vaska opp.

Men eg har i alle fall sove godt.

Pengar: ja eller nei?

mars 16, 2009

Er det viktig å vera rik?

Dette er kanskje eit teit spørsmål. Sjølvsagt må ein ha nok pengar til å klara seg i kvardagen, og helst til å gjera ting ein har lyst til. Men er det eit mål i seg å ha dei?

Sjølv tykkjer eg ikkje det. For meg verkar det slitsamt å vera rik: Du må stadig vekk vera på vakt mot tjuvar og svindlarar, du risikerer at folk berre latar som dei likar deg på grunn av pengane dine, og du har inga orsaking for å gå med gamle, utgåtte sko. For ikkje å snakka om at folk  som er rike som regel må arbeida som svin for å skaffa seg/halda på rikdomen sin.

Eg kan vera samd i at det er mykje kjekt ein kan gjera om ein har pengar: Reisa jorda rundt, til dømes. (Men der kjem poenget med arbeidsmengd inn: Folk med mykje pengar har ofte ikkje tid til å nytta dei.) Å kjøpa svære, fine hus, derimot, slik rikingane som regel gjer, freistar ikkje so veldig. Svære, fine hus tek lang tid å støvsuga og halda fine, om ein då ikkje har underbetalte filippinarar til å gjera det for seg, og slikt har ikkje eg samvit til.

Det er klart at fattigdom er mykje verre, eg seier ikkje noko anna. Men stakkars rikingar.

Eg er trøytt

mars 9, 2009

Dette skal eg hugsa neste gong eg tek nattoget:

  • Ta på ei treningsbukse i staden for skjørt, slik at eg kan vri meg frå den eine vonde stillinga til den andre utan at det går ut over sømda.
  • Passa på å vera svært trøytt på førehand, slik at eg sovnar same kor mange skravlete fjortisar frå Stavanger som sit bak meg.
  • Ikkje ta sjansen på å drikka kaffi fire timar før toget går.

Elles var det fint å vera heime/i Sunnfjord nokre dagar. Ikkje var det særleg med snø der heller, i motsetnad til Oslo (men no skal det seiast at mykje var forsvunne då eg kom attende hit i dag tidleg). Nett no sit eg og diskuterer med meg sjølv om eg bør gå heim og leggja meg, eller om eg berre skal lata som ingenting og halda fram dagen som vanleg.

Eitt og hitt

februar 23, 2009

Veit du når eg stod opp i dag? Klokka sju. Heilt av meg sjølv, til og med – eg tenkte det ville vera fint å ha god tid om morgonen, for ein gongs skuld. Den ekstra tida kom godt med, sidan eg hadde gløymt at eg skulle lesa korrektur på Motmæle. Eg fekk gjort det før eg drog på Blindern.

I motsetnad til resten av verda, gidd eg ikkje skriva noko særleg om hijab i politiet. Eg rår alle interesserte til å lesa denne posten til Vebjørn, som eg er ganske samd med. Når det gjeld hijab generelt, ser det ut til å vera to hovudgrunnar til at mange er skeptiske til plagget: Det symboliserer både religionen til brukaren, og mannleg dominans over kvinna. Eg må seia at det siste plagar meg langt meir enn det fyrste; samstundes kan ein vel ikkje forby bruk av hijab so lenge det er lovleg for kvinner å ta mannen sitt ektenamn.

Elles kjenner eg at det ligg eit svart hol og ventar på meg ein stad. Eg er der ikkje nett no, og ikkje skal eg dit heller.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.